Amen!
Det kviler eit ansvar på naturvitarar for å jobbe for at kunnskap når ut til folket. Og kanskje endå viktigare: At respekten for vitskapleg fundert kunnskap når ut.
Kunnskapssynet som rår no til dags går i korte trekk ut på at all kunnskap er like god. Kva vitskapsfolk har forska seg fram til gjennom hundrevis av år er ikkje meir verdfullt enn kva tanta di meiner å ha opplevd hos homeopaten sin. Det er hennar private sanning og kven har vel rett til å stille spørsmål ved den? Dette er sett på spissen, men når ein arbeider med naturfagsformidling er det ein heilt tydeleg tendens.
Sivilisasjonen er avhengig av at folk flest kan skilje mellom god og dårleg kunnskap, som grunnlag for all dei små og store avgjerdsler me skal ta i privatlivet og i samfunnet. Me treng ei ny opplysningstid!